Om det å lafte. Bd. 1 : handverk, logikk og prosess

Af: Jon Godal Bojer
845,00 kr
Kan leveres 1 - 2 uger
ISBN
9788245018677
Dette er ei bok om det å lafte. Laftaren uttrykkjer seg i rørsler med eit verktøy mot materialar. Det er handverk. Når huset er ferdig, ligg verktyet i ro. Det er som med felespelaren. Når slåtten er låten, ligg bogen i ro. Det er kva tømraren gjer, som er temaet her. Det som er borte når huset er ferdig. Vi har ein ufatteleg rikdom av variasjon over temaet laft og nov i tømmer her i landet. Difor kjem ikkje denne boka lenger enn til å omtala sjølve laftet. Korleis hjørna og tømmer blir til hus av ymse slag, blir tema i band.2. Boka er laga som eit felles prosjekt. Tre personar med litt ulik bakgrunn har samarbeidd. Henning Olstad er tradisjonsberaren. Han har lafta heile sitt vaksne liv og vel så det. Det er Henning som demonstrerer, les laft og forklarar det han ser. Steinar Moldal er tømrar. Han har arbeidd med dei eldre delane av tømringa sidan slutten av 1980-åra. Steinar er også god til å teikne. Han har laga dei teikna illustrasjonane. Jon Bojer Godal har arbeidd i og med tre i mesteparten av sitt vaksne liv. Han er også trena i å ordleggje seg. Jon har såleis penneført denne boka.
Specifikationer
Forfatter Jon Godal Bojer
Forlag Fagbokforlaget
Indbinding Indbundet
Thema koder Byggeteknik, landmåling og byggeri, For højere uddannelse og universitetsuddannelse
Varegruppe Svensk, Norsk
Ekspedition Scanvik
Udgivelsesdato 11. aug. 2015
Sideantal 279
Første udgave 0
Oplagsdato 11. aug. 2015
Oplag 0
Udgave 1
ISBN-10 8245018678
EAN 9788245018677
Sprog Nynorsk
Illustreret i farver/sh Nej
Copyright © 2013-present Magento, Inc. All rights reserved.