Skriftspråkleg mangfald som ressurs i opplæringa : ei kort innføring
275,00 kr
Kan leveres 1 - 2 uger
ISBN
9788215034928
Mange barn og vaksne i norske barnehagar og klasserom har erfaringar frå andre skriftsystem enn det latinske alfabetet. Få ei innføring i korleis dette blir ein ressurs i opplæringa. Som lærar og barnehagelærar er det stor sjanse for at du møter barn, unge og vaksne som har erfaringar frå andre skriftsystem enn det latinske alfabetet vi brukar i Noreg. Det kan vere elevar som har lært å skrive med arabiske bokstavar før dei kom til Noreg, barnehagebarn med russiske foreldre som skriv namnet sitt med kyrilliske bokstavar, eller barn som har lært å skrive med tamilsk skrift på den tamilske laurdagsskulen.
Ein lærar som har kunnskap om skrifterfaringane til eleven, kan lettare hjelpe eleven til å bygge bru til det norske alfabetiske skriftsystemet. Denne boka gir nettopp det: Grunnleggande kunnskap om skriftsystema og gode råd for korleis arbeid med skriftsystem og synleggjering av den skriftspråklege kompetansen i klassen kan styrke det metaspråklege medvitet hos alle elevane i klassen.
Forfattaren gir mange døme på skriftspråkslæringa til skuleelevar, barnehagebarn og deltakarar i vaksenopplæring og på gode undervisningsopplegg. Både lærarar og lærarstudentar vil ha stor nytte av denne boka.
Forfatter | Edit Bugge |
---|---|
Forlag | Universitetsforlaget |
Indbinding | Hæftet |
Thema koder | For højere uddannelse og universitetsuddannelse, Lingvistik, Uddannelse. Pædagogik |
Varegruppe | Svensk, Norsk |
Ekspedition | Scanvik |
Udgivelsesdato | 22. okt. 2019 |
Sideantal | 77 |
Første udgave | 0 |
Oplagsdato | 22. okt. 2019 |
Oplag | 0 |
Udgave | 1 |
ISBN-10 | 8215034926 |
EAN | 9788215034928 |
Sprog | Nynorsk |
Illustreret i farver/sh | Nej |